3T-Treningssenter
Gå til innhold Gå til hovedmeny
Du er inne i undermenyen

Nikoline S. Bjørdal

Book timeSend e-post

For meg som fysioterapeut er det viktig å sjå det enkelte mennesket og finne ut kva som er viktig for det å meistre i sin kvardag. Å jobbe saman med den enkelte om eit mål er noko som motiverer meg i stor grad. Eg er sjølv svært glad i å vere aktiv og ønsker å hjelpe andre til å finne bevegelsesglede, og hjelpe dei med det som eventuelt begrenser dei og kjem i vegen for dette.

Eg har frå tidlegare mykje erfaring med fysioterapi for barn i kommunehelsestjenesta. Her har eg tileigna meg brei erfaring innan undersøkelse og har fått bryne meg på svært ulike problemstillingar. I tillegg har eg erfaring innan nevrologi frå spesialisthelsetjenesten, og har har drive ein del med fallførebyggjande trening for eldre.

Eg har alltid vore aktiv, og har vore innom mange ulike idrettar. Dei seinare åra har eg blitt svært glad i styrke- og utholdenhetstrening.

  • Bachelor i fysioterapi mensendieck ved Høgskolen i Oslo og Akershus
  • Kurs innan idrettsmassasje